8/30/2014

Hjertegarn's alpaca

Det har eg ikkje prøvd før.   Men, veldig greit å strikka med. Så får me sjå etter kvart om da loer eller held seg fint??   I da sista har eg strikka på "Karmøyjakken".  Måtte gå ned til pinnemål 2,75 mm istedet for opp til 3,5 mm.  Eg strikke så laust på einsfarga rundstrikk.   Fargane eg har valgde, symbolisere sjø/hav med kvite skumtoppar og røss- lyng i sine rosafargar.   Då kan eg seie det blir verkleg mi jakka! 

Eg hadde bursdag her i august.  Og fekk gåvedryss med snert av hobbyen min. Til og med tøfler.  Så herlig å få heimestrikka!  Varmer med slik omtanke!

Har prøvd litt hekling og i da sista.  Mor mi hadde tatt vare på mønsteret frå eit gamalt blad.  Her må eg prøva og feila litt, for babytøflene skulle egentlig vore i tynt bomullsgarn. Litt misforsto eg og mønsteret, så sålen blei ikkje som det var tenkt.

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...