8/19/2014

Lady Mary - sjal/teppe

Då vart eg ferdig med tolmodsprøva!  Utrulig drøyt det nøsta med Kauni.  Berre 100 gram rosefarga, gjekk med her + 150 gram kvit Cascade 220 fingering.  Men, allikavell vart sjalet 40 cm for kort.  Sjølvsagt kunne eg ha tinga meir garn - da var berre det at eg orka ikkje!!  Skuldrene byrja knirke og verke - så måtte berre gje meg.  Teppet måler 64 x 106 cm.     Mønsteret er henta ut av boka "Tudor Roses" - berre i heilt andre fargar der.
Litt miss at farge trenge igjennom på kantane
I ettertid har eg tenkt på ein ide her.  Eg burde strikka mellomfeltet i vrangt. (Hadde 14 masker i feltet.)   Når  zikking og klipping var unnagjordt, kunne eg ta opp maskene langs klippekanten frå vrangsida. Strikke første omgang rett til bretterille, så dei 6 pinnane att og fram og sydd til på framsida, istaden.  Då ville ikkje mønsterfargen skine igjennom som på mitt teppe.

Jane;  du ser da vart altfor trongt til skjørt??!!.....  "Havfrue-look"

strikka ikkje meir enn 3 masker før mønstertråden vart hekta bakom bakgrunnsfargen. 

Kunstverk med fleire fargar- både i botn og mønster.  Eg er allikavell fornøgd med mitt fargevalg altså.

2 kommentarer:

  1. Teppe var aldeles nydeleg! Må seia eg likte betre ditt fargevalg enn i mønsteret,
    urtruleg så forskjellig uttrykket blei med andre fargar. Flott arbeid!

    SvarSlett
  2. Utrolig hvor stor forskjell det ble med de ulike fargevalgene!
    Teppet ditt ble aldeles nydelig!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...