8/03/2015

Tilbake til start!

Eg har sagt meg opp i woolspire.  Mest pga plunder med å laste opp foto, men og for at det vart litt tullball med nettet og lite info.  Har ikkje lyst å henge ut woolspire, kjem nok til å kikka innom for inspirasjon når dei kjem igong att.   Dermed er eg no tilbake til "strikkstraks" ---  eller " min strikkekrok".   Samma det,  berre eg har det skoy med mine håndarbeider og at du gidde lesa litt og sjå kva eg sysle med.
Ser ut som eg har trent med symaskin???  neida---  berre juksa litt med eit halvt putetrekk og sydd to-tre rettsaumar. Funne ein fin knapp og montert eit hjerta over slitasje i tøyet--- og dermed lagd trekk til nettbrettet mitt!


Og sjå kva eg rota fram i hagerydding!!!  Under ein stor tuja kor jorda er skrinn og tørr, stod desse fagerklokkene!  Nå har eg grove dei fram og håper dei vil frøa seg og trivast på sin nye plass!!!

Eg har mine tur-stiar som eg nyter å gå på.  Ein kveld her, så fann eg faktisk ein ny og!!   Ikkje longt frå huset. Gjett om eg må ned på svaberget der fleire gonger??  (det var igjenngrodd og uframkommeleg der før "utegruppa" på dagssenteret rydda veg i krattet)

 Så strikker eg jo innimellom andre økter.  Fant denna modellen frå Sandnes, som vedlegg til N.U. i sommar.    Eg hadde berre 300 gram svart Line ------  så da rakk til ei t-skjorta istaden for genser.
Håper eldstedotter vil lika denna, strikka i Line  (bomull/lingarn).  Ho fortene å få noko av mor si.  Eg har fått lov å være med på tur og skal på tur til varmen seinare i år.  Ho M. ordne opp, finner utav ting på nett.  


stilige fargar, striper og tonar i naturen.  Detta frå mitt "nye sted"!

1 kommentar:

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...