9/30/2015

Supre gåver

Aller først --  tusen hjartans takk for fine tilbakemeldingar, både i denna bloggen og "strikkekroken min"!!  Den siste datt ut for meg på nettbrettet, så nå er det mest her eg kjem til å legga inn arbeida mine.  
   I august, runda eg 50 år ---  og tykte det vart ei gild " happening"- på tross av alderen som ikkje lyg.  Ei venninne, skreiv så fint på kortet at alder er jo berre eit tallHjerta får ikkje rynker!  Godt sagt, og ei gåve berre det!    Her ein dagen fekk eg ei forsinka gåve.  Åshild, har sydd puslepose til meg!  Aller tiders, skal du vete!  Og flittig brukt, allereie!

Kjøkenbordet mitt er fullt av porselensflis og koppar!  Desse er klare for herding i ovn.  Jan og meg, driv eit barnelag i bedehuset.  I går var 17 born (og nokre foreldre) samla.  Nydelege kunstverk som skal monterast i korkrammer og då til å setje gryter på. Kansje nokre besteforeldre får i julegåve?? 

Eg har og byrja tenke julegåver. Denna genseren er strikka til ein tøff kar.  Holst Garn (Danmark) er brukt.  Den er så lett og fin.  Ull og silke!  Eg dobla garnet for å få rett tjukkelse etter oppskrifta i eit Inspirationhefte.  Fargen er noko meir grøn med tweedaktig look.  Her ser den grå ut.


Skal ikkje leike putekrig, nei!  Ville berre syne at eg har hatt framme symaskin og sydd trekk til nokre store sofaputer.  Desse er til å sitja på!   Brukt fleezetepper frå Kid.
 

2 kommentarer:

  1. Så flotte puter det blei, du fikser det mesta!
    Nydeleg genser og, med tøffe knappar som prikken over ien.

    SvarSlett
  2. De putene ble fine Linda - fleece er ganske anvendelig :) en veldig fin genser du har strikket også. Nydelige håndarbeider som vanlig fra dine flittige fingre :)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...