10/28/2015

Fleire julegåver i boks!!!

Gutane i barnebarnsflokken, må og få strikkagåver av mormora.  Men, vil sjølvsagt at dei vil lika og bruka det eg strikker.   Så utifrå tenkeboksen, kom eg til at Ådne på snart 5 år -- han må få seg  vest.  Guten likar grønfargar..
garnet er babytrunte frå Hjertegarn - multifarga.    Viss vesten blir for trong, så har eg nok garn til knappestolper,- viss den blir ønska åpen.  Brukte nesten 100 gram i str. 6 år.

Storebror, Jan Olav -- er ein dyktig arbeidskar på 9 år.  Han snekrer hytter og finner alltid noko å gjere sumar som vinter.   Med sag og hammer i hand, vert vottar nesten hemmande--- så difor må arbeidskaren få hanskar i dobbel alpakka.  Noko pussel å få 10 fingrar like lange (på høgre og venstre vante). Her må eg huske omganger.  Festa trådar etter kvar fing-  det gjere susen for min motivasjon!!!

Desse sokkane vert nok gitt vekk i helga som kjem. Eine son vår kjem heim med sin nye kjærast. Ho er frå Kina og er meir "frostig" av seg enn eine systera -  ifølge Jøran.  Litt varme til føttene kan vel kansje være kjekt å få då??

Så har eg sydd litt!!!  Måtte berre teste desse pakkane eg kjøpte på Nille , sist vinter. 

Det er seinare haust i år enn tidlegare.  Snart november og me har fortsatt lauv på trær!!!  Men, du for strålande fargar! Eg er ikkje lei meg for om gradene har vist 10-12 grader! Jo, eg veit om faren for global oppvarming, men er jo ganske liten i målestokken om å gjere noko med da.  Det får andre "forståsegpåare" ta seg av!  Tusen takk for du kikker innom og ser om strikkegleda mi varer ved :)
 

1 kommentar:

  1. Det er greit å vera tidleg ute med julepresangane. Du har laga gode og varme plagg, heldige barnebarn og "svigerdatter" ;)
    Naturen er bare eit syn nå for tida, det er så fint nå når sola skin :)

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...