10/05/2015

Klompelompestrikk

Eg berre måtte finne plansjen med to luemønstre frå KlompeLompe!    Pilotlua til gutar, er kjempefin å strikka og ser tøff ut.   Og Snuppelinalua, er søt!     Eg dobla babyull frå Gjestdal, og tykte det vart fin elastikk og hold i pilotluene med dette garnet.  
Nå har eg klar nokre barselgåver i dei turkise - dei er i str. 3-6 mnd.   Den kongeblå er i str. 1 - 3 år.

Fant på å strikka vottar av restene til den blå lua.   Hadde ikkje mønster på masketall, men brukte rapportar frå lua i sjølve votten.     Snuppelinalua, er strikka dobbelt med paljettgarn og " Skudenheshavngarn" (alpakka/akryl)

Innimellom, held eg på med sokkestrikk til Frelsesearmeen.  Her to på ein gong, "Magic loop".  Greit å ha teknikken inne.  Merka at Labbegarnet til Sandnes er trått å strikka med.  Går bedre med rosetrepinne.  Garnet er resirkulert ull.
 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...