10/30/2015

Prosjekt; 1 nøste og 2

Eg har ein leie uvane....  nekte ikkje for det!!  Kjøpe berre nokre får nøster av nye sortar garn eller garn på tilbud!!  Og skjønner igrunn ikkje vitsen, når det stadig kjem opp i manko og må søkast på nett etter same sort.    Nå må eg rydda litt opp for meg sjølv og byrje bruka desse nøstene. 
 Av to nøster a 100 gram  "Creativ Galaxy (Rico design) -- fekk eg to lengder på ca 90 cm --  dei skulle maskast samen til skjerf.   Supert mønster henta i frå detta heftet til Dalegarn (nr 206)
 Men, ikkje lett å sjå korleis skjerfet blir når det er avbilda slik på baksida??  
 Da gjekk fort på pinnar nr 6 mm - og sjølv om eg ikkje brukte Hubro (pinner 9 mm) som mønster synte til .     Svært nøgd med første prosjekt - her etter blokking. 

Over til sokkestrikk i Nepal. Her gjekk eg då tom og måtte bestilla meir.  Så desse ligg på vent, enn så lenge.   Prøvde meg på noko frå hukommelsen.  Mormor, synte meg som tenåring nokre fine sokkar med kryss over dei vrange maskene.   Den gong hadde ikkje Linda, vet nok til å spørje om korleis???  Men, etter å ha sendt mail til "oraklet, Zirkona" i frå gamle Trådsnella-forum, så fant me ut at kryssa var nok brodert.   Det vil seie, tredd frå side til side som ein skosnøring.  Festa tråden oppunder skaftet.  Hjartet i hullmønster fekk nokre rundar med dobbel tråd.   Garnet til detta er kvardagsalpakka.

Så får eg leite gjennom gamle mønsterhefter og sjå kva som dukker opp vidare!   God helg frå meg!
 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...