10/20/2015

Tilfeldigheter i garnlageret

Fjor sommar, hadde eg eit av barnebarna med til foreldra mine på Karmøy.  Hadde nesten gløymt at Hilde ,då ønska at mormor skulle strikka noko til henne av BabyTrunte (Hjertegarn) - me kjøpte detta i Skudeneshavn.    Herlege fargar, men ikkje så monge nøstene.   Eg satte igong med skjørt frå KlomeLompe (sommermagasin).  Måtte flytte dei to første felleomgangane til nedre del av skjørtet;
           1. for å få nok garn
           2.  for at i str. 8 år ville eg ha litt meir vaksen fasong
 Håper KlompeLompe-designerne,tilgir meg for det!!!???!!  

Og så --- då eg leita igjennom lageret så dukker 4 nøster BabySock yarn (byPermin) opp -om lag identisk farge som BabyTrunte!!!   Så då får jenta og ein tights til Jul!

Mønster på denna har eg funne hos du store alpakka. (Mirasol)

Barbie,må få make sett av garnrestar

var tenkt å strikke trøye/topp i herlig bommul/ullgarn frå Holst.  Men, her gjorde eg feil og datt litt av strikkegleda. Kansje eg vil hekla istaden.   Eg legge det på vent, så lenge!

Her er Hilde i Skudeneshavn. Ho har vokse ennå litt meir og blir 6 år på nyåret!
 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...