11/04/2015

Både strikking og hekling

---  ville ho Vian læra seg.   Og då måtte eg på "knotet" engelsk forklara og syna så godt eg kunne.  For klart eg vil fremme strikkegleda.    Nå trur eg nok det blir hekling ho tar først fatt på?!   Tipsa om garnbutikken (Norwegian Spirit) ved jernbanen i Bergen.  Dei vil nok få besøk av ei ivrig ung dame, "bitt av dilla"! 
                    Vian, hadde med kinesisk te til oss - så det vart hyggelige stunder der me vart kjende med kvarandre!   Koseleg!!!!!!!!!!
Sjølv fortsetter eg med å minska lageret av single nøster.  To bomullsklutar vart til i helga.

Eg måtte jo til med ein innkjøpssprekk!!! men,ikkje rart det når gåvekort hos "Baronessa" (lokal garnbutikk) låg og freista?? Aller tiders å sondere butikken for godbetar! 

I gamle mønsterblader dukka desse tøflene opp.  Desse er gøye å strikka.  Eg lagde fletter i dei partia med rettmasker, så difor ikkje heilt like som avbilda i frå magasinet, Simply Knitting. 

Her har eg nykjøpt garn eg vil teste ut.  Soul er nydeleg burgunderfarga, som eg blander med essentials frå Rico. Det er første gong eg ser slikt effekt/glittergarn med 95 % bomull -  og er sjølvsagt glad for det!  Jo meir naturmateriale,- jo meir luksus blir da for meg!  Så nå skal eg hekle meg sjal med englemasker.  

2 kommentarer:

  1. Så koseig å få introdusere strikking og hekling for nokon som er interessert å lera. Reknar med dåke hadde nokre gode kosestunder.

    SvarSlett
  2. Det er veldig kjekt når dei unge vil læra seg handarbeid, koseleg med felles interresser!

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...