11/09/2015

Lindavotter

Sjølvsagt måtte eg strikka dei!!  Hadde 50 gram Hexa i ein nydeleg blåfarge - og det passa perfekt til votte-paret som er mønster i "Klumpedumpe"-designheftet for vaksne.  Eg turde ikkje heilt tru det skulle holde med 50 gram, så korta ned bråtet til 9 cm istadet for 10 då.  Herlig mjuke votter som kan kome vel med på tur i vinter. 

 Eit anna prosjekt som mest ikkje krevde store garnmengden, er denne lua og halsen.  Strikka etter boka "hønseføtter og gulerødder" (Dansk)   Lua veier bare 50 gram og då i dobbelt garn bomull/merino.   Hekla ei lita rose og tredde den igjennom 4. og 5. rille - drog løkka opp over rosa. Den kan enkelt fjernast om ikkje det skulle passe å ha den der. 

                                   Halsen er i enkelt garn - måtte improvisera denna i masketall --- mjuk og florlett med sine 25 gram.
Så har eg fått ferdig noko påbegynt i annan blogg -  sjal i englemasker. Dette og lett å bære ( under 100 gram)
 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...