11/29/2015

Strikk og tov til Jul /Sandnesheftet

I da sista har eg strikka kalendergåver til barnebarna.  Det vil sei; ei til kvar.  Blant anna dei vestane og tøfler, i frå tidlegare blogg.  Men, og nokre mus og snømann med mønstrar får "Strikk og tov til Jul!    Må berre ta med at det er litt komplisert å skulle strikka alle deler til armar, luer, mus etc.... etter diagram (att og fram)  ----- så, dermed har eg juksa litt.   Strikka på rundpinna og tok auk og minsk i kvar side, med ein eller fleire"kvileomgongar"  mellom.   Gjekk så fint så,..... å juksa litt.

                                                 Ha fin adventstid til dykk alle som kikker innom!

Eg blanda to sortar garn i snømannen.  Det eine er lammeull frå New Zealand, det andre mohair som heiter Amor. Snømannen tova ikkje så hardt, men den er mjuk og god.  Kansje litt varm av seg, men smelter ikkje ! 

 At garn kan gje sitt uttrykk,- kjem fram her i denne "musa" -  eh, kanina!   Tova to gonger og berre måtte rista på hodet.  Det var og er ei kanin.  Men, ikkje sorg over det.  Der i huset den skal, så har dei hatt ei slik levande kanin.  Tenker han som snart er 5 år, blir litt glad for minnet om kjæledyret? Og Jula varer jo heilt til Påske?? Berre til å skifte skjerf !
(garnet er blandingsgarn frå Drops ull m/lin.

Men, i finullgarn frå Rauma - vart det meir likt resultatet til Sandnes sitt mønster.   Eg skulle ha brukt "Tove", men her er det jo litt i gata; "bruk det du har!"

3 kommentarer:

  1. Så koselege mus, kanin og snømann, det er kjekke ting å få i kalenderen!
    Det er vel ikkje juks å gjera jobben enklare ;) Minst muleg montering er viktig, det er mykje bedre å strikka rundt!

    SvarSlett
  2. Så søte, ungene bør juble. Erfaring er bra. Ikke alle veit hvordan en strikker rundt veit du.

    SvarSlett
  3. Så koselige ting du har laget.
    Dessuten smart å bruke det man har :-)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...