12/26/2015

Eit strikkaskjørt for min bakdel

First Lady frå Drops http://www.garnstudio.com/pattern.php?id=5181&cid=1  såg skikkelig tiltalende ut. I haust/ vinter har fleire strikka zikkzakkskjørtet til Klompelompe.  Og ikkje for at eg tykje da er fint, men det ville berre ikkje tadd seg ut på "kånebaken" her i hus!!!   Så derfor gjekk eg igong med 300 gram Hjertegarn frå Hifa i stålgrått.   Det vart for lite garn- men fabrikken i Hillesvåg, hadde akkurat same fargenummer til dei 5 cm'trane eg mangla.  Pakken kom på Julafta, så i ledige stunder har eg strikka det ferdig.  Blokka i handkler i natt og prøvd på i dag. KJEMPENØGD!
Strikka str L, men burde kansje begynt i M - for skjørtet seig ned.  Vrangborda klarte ikkje halde det rundt livet mitt - hi hi.  Men, eg tredde eit par omgangar med svart hattestrikk bak på vrangborda, med ca 1 cm mellom.  Detta hjalp og skjørtet sitter fint uten å stramma eller bli ødelagt i passforma.  Trur det blir eit "must" i kleskapet mitt!

Så har eg hekla litt.  Trong ein boks til bursdagsgave i morgon.  Her har eg brukt Sandnes Mandarin Natural bomullsgarn. Byrja med ein fastmaske ring tilpassa til pappkjernens diameter.  Deretter hekla eg i bakre ledd for å lage skilje opp med kanten.  Ein ny slik omgang for å hekle nedbrett til å putta inne kjerna. Snute og ører er hekla til slutt.  Samt montert piperensere og broderte auger.   I morgon kjem ei pengegåve pakka inn som raud topplue, til å pynta oppi "hodet" på Rudolf.


Måtte lage ein til, etter ønske frå dame i nord.  Denne vart mindre, for garnet tok slutt.


Julegåve til meg sjølv!  Vart frista til å sende etter t-skjorta og veska ifrå Ravelry. Kjapp levering og litt gøy finesser å ha!


Ein moebius strikka i eit nøste Noro.  Herlig pyntesjal i bomull/ull/silke.
 

2 kommentarer:

  1. Det skjørtet ser veldig fint ut, Linda! Fint med eit skjørt som skrår lett ut nede. Og Hjertegarn frå Hillesvåg er eit supert garn som held seg godt i bruk.
    Som alltid er du kreativ med andre prosjekt og. Ønskjer deg ei fortsatt god jul og eit godt nytt år!

    SvarSlett
  2. Skjørtet var veldig fint, var fint på fasong. Og du tryller stadig fram flotte heklearbeid, stilig innpakning ;) Herleg moebius som sikkert er mjuk og varm om halsen.

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...