12/17/2015

Strikka bolero og litt hekling

Ein svært rimelig bolero i str. 8-10 år!!!  Grunn til det, var eit funn av perlegarn til 10 kr nøsta. Brukte nesten 3 nøster.    Oppskrifta er i frå same Dale-heftet eg strikka bolero til meg sjølv i august (sjøgrøn)
Litt vanskeleg å fotografere uten modell.   Dei blå perlene forsvann, men dei er nå der.

Hekla etter eigen ide ....vegger og tak.  Lima desse på fuglehus i papp (kjøpt hos CC-hobby)

Eg kjøpte nokre heklepakkar hos Europris til kr 49,- pr stk.   Det var igrunn  billig for heklenål, fyllvatt,  garn, nøkkelringer, auger og mønster.   Men, dumt at da ikkje holdt med lilla garn til fisken eg hekla i dag.  Dermed måtte eg leite og finna alternativ garn i "tølene" mine.   Også var det feil i mønsteret.  Stod øk der man skulle fella.  Ellers heilt okei oppskrift!

Då må eg seie at da sannsynleg ikkje vert meir tid til blogg på ei stund.  Har enkelt og greit ikkje tid.  Huset må gjerast klar til Jul  - våre kjære ungdomar kjem heim. Samt eg har nokre arbeidsdagar føre meg.     Må bare få ynskje God Jul!
(måken fotograferte eg på Tenerife.  Den vart mata frå handa til eit av mannskapa på båtturen -  dermed fløy den ganske nær ilag med dei andre i flokken sin)
 

2 kommentarer:

  1. Veldig fin bolero i ein nydeleg farge og koseleg fisk :)
    Ja, nå nermer det seg jul med raske skritt. Me skal ha julekos med bål i juletreskogen i helga, viss bare været er med oss...det er blitt ein tradisjon. Ønsker deg og dine ei velsigna god jul!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ps. Glømde fuglehusa, dei var stilige :)

      Slett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...