1/07/2016

Endeleg, sydd meg tunika

i 5 år -har mønsteret lagt og godgjordt seg.  Fekk da på landstreff for "Trådsnella" i goodiebag'n.  Har jo sett på det og vurdert, men altså nå funne retta stoffet og motivasjon.  
Det er igrunn greit å følga mønster i frå stoff og stil.  Ferdigklypte er mønsterdelane og. Med god vegleiing, så må eg seie meg nøgd med kjolen.  Skulle sy meg bukse til, men der hadde eg rota vekk mønsteret så da får bli ein annan  gong!

 Strikkekorga er så visst ikkje tom.   Eg har to prosjekt på gong, detta det eina.  Skal bli eit langt skjerft i Arwetta. 
            Så falt eg for fristelsen å kjøpe nytt garn -- gode tilbod er ikkje å forakta. 

Eit anna "handarbeid", var å lage 47 pakkar med julegodt til julebukkane.  I går var her 35 stk. på døra.  Mann min som måtte ta dei imot, for eg var på seinvakt.   Fekk nokre besøk der og (bolig for hvpu).
Eg tykje om denna tradisjon!!  I dag, har eg då rydda vekk Jul i huset vårt. 
 

2 kommentarer:

  1. Så flink du er som har sydd deg tunika, den blei veldig fin.
    Og for ein jobb med snopepakker! Heilt einig, julebukker er koseleg!

    SvarSlett
  2. Gosh! Mye flott det var her da - og så koselig å se blogg fra deg :) den jakken ser kjempegod ut Linda, den må du ha på deg i juni ;) tunikaen var veldig søt, også snoppakker da - gøy med julebukker, kommer ingen her, ingen barn i nabolaget her. God helg Linda :)

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...