1/23/2016

Konditorfarga gjenbrukssokkar

Litt av ei overskrift på bloggen??  Men, det er fakta.   La mykje arbeid i nokre sokkar for ei tid tilbake.  Men, nok feil type garn, i alle fall for slitestyrke.     Sjølve foten fekk fort hol.
 Så...  difor zikka eg over hælen med maskin.  Kjøpte noko sokkegarn hos "søstrene Grene", som hadde same tjukkelse som på sokkane mine.   Tok opp masker og strikka ny fot.  Det er markant skille, men heilt greit til meg sjølv.   Kokte opp ei panne med vatn, blå og litt gul konditorfarge, samt 1 dl eddik.    Og vips skifta sokkar farge.  Tok med garnresten og eg - har til å stoppe eventuell nye hol.  Lot dei ligge i vatnet 10 min. og skylte sokkane før tørking. 
 Fargen tok seg best ut på gamlesokkane,  det er nok for det er meir akryl i garnet frå søstrene Gr.
   God helg!  Her nytes nøtte/fruktbrød og horn med bringebær/marsipan frå "Brødskreppa" (lokal bakstekone med utsalg frå garden sin)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...