1/05/2016

Lang og rar!!

Godt Nyttår, forresten!  Eg har hatt ei hyggeleg og fin Jul.  Både på jobb og heime med våre. Strikkebøker, garn og sjokolade, "krydra" gåvedrysset til ei som strikker" nonstop"!     I romjula kom da opp eit ønske om ullbukse til Ian på 2,5 år.  Satte igong mormora då, veit dåke?!  Henta mønster i ei bok frå Pickles.   Tok utgongspunkt i str 3-4 år og strikka i Sisu på pinnenr. 3 mm.   Tykte beina vart så longe i forhold til den spinkle guten som lekte på golvet her.  Korta ned med heile 12 cm og vart allikevell for long med oppbrett!!  Men, buksa sat fint på gutungen!  
 Det vart ikkje nødvendig med strikk i livet.  Ribbestrikk held fint buksa oppe.   For å skjule hola i kanten, hekla eg ei snor og tredde i. 

Ian, vart glad i buksa. Det er greit å kome seg opp og fram i mjuke plagg!

Av tre nøster VÅR (viking's bomullsgarn) har eg strikka komfyrhandkle og ein klut.

Som ein liten "premiering" har eg dei siste åra lagt ein 10'ar for kvart nøste brukt (stort som lite). Enda opp om lag med same spart sum som året før - 3200 kr    Har ikkje meir moro enn da ein lager sjølv!
 

1 kommentar:

  1. Bukse i ribbestrikk blir gode bukser som sit godt på, sjølv om dei ser litt rare ut ;) Mormor fikser fort opp når det kjem ønsker, kjekt når dei vil bruka strikkeplagg. Ser du har strikka opp ein del nøster i år og, du har litt å kjøpa garn for der! Godt nytt år!

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...