1/24/2016

Litt luksus til meg sjølv!

Får nesten kalla det luksus, når eg bruker 18 dagar på å strikka skjerfet eg har "ruga på" i 14 år!!   
     Mønsteret passa perfekt til dei fargane eg hadde i Arwetta.   Det vil seie eg måtte kjøpe litt ekstra av lys, lys lilla hos "Flamingo-garn".    Rundpinne, 3 mm er brukt.  Burde kansje gått opp eit halvt pinnenr. på rosene-  stramma litt der.   Men, med litt vask og damp, så vart skjerfet ganske bra!
 Skjerfet skulle vore 200 cm etter oppskrifta, med mine restar kom eg til 158 cm.   Så var det brukt 7 fargar -  eg veksla på 5 og tykte det vart meir i min fargeskala.    Men, noko som var utruleg triveleg- var at alle festetrådane kunne berre knytast og hengast laust inni skjerfet.  Der som stripene er tettast, har eg berre tråkla litt på baksida for å unngå gap. 

                         I detta heftet er mønsteret, som de ser!

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...