1/13/2016

Mi koftejakke, utav to julegåver

Før Jul, reiste eine son vår med kjærest til Irland.   Mammo, la fram eit juleønske; -  om dei kom over garnbutikk, så .....    Og jammen pakka eg opp 4  a 100 grams nøster  garn frå Irland.    Dei mangla banderol, men med Google fann "hu mor" https://www.laughinghens.com/   som hadde eit utruleg likt garn.   Aran (Wendy) 100 % ull.  Også i gigantstore nøster, 500 gram.   Med paypalkonto,vart det kjapt gjordt eit kjøp.  Raske var dei å senda og.  På nyåret kom garnet i postkassa (slapp å hente). Joda, det var same garnet, men nok med anna innfarging.  Håper vask vil retta på fargeskiftet eg har fått i jakka???  

Nøsta større enn eit vekeblad.  Herlig at det blei så mykje mindre trådar å feste!

Ferdig !  - rett ut i snøen for fotografering.  Ikkje noko flink med selfie, men detta får duga.  Som de ser, manglar eg knappar.  Dei ventar eg på.  Bestilt på nettet ,"big button store" - eller noko slikt.  Fant knappar i kokosnøtt forma som eit løvblad.  

Til Jul fekk eg og "kofteboka 2" - derifra har eg brukt utgongspunktet for "Gammel Telemark" - med start i halsen.  Eg tykte fargane eg fekk, passa så godt til mønsteret.  Men, som det ser så har eg laga "Lindavri".  Ribbestrikka bolen og armane.  Dette kunne eg gjere att og fram, og fekk minimalt stykke å zikke over med maskin.  I nedre kant delte eg opp til splitt i sidene.  Og ein liten tøtsj på armane.   Hadde lite igjen av den brun/burgunderfargen, men det holdt til avfelling og knappestolpar.   Jakka sitter veldig fint på meg, og luner mer når ein bruker ribbestrikk.

Angåande fargeskiftet, så har eg ein ide om å sy maskesting med kontrastfargen for å kamuflere.  Men, venter til eg har vaska jakka eit par gonger.  Og viss det er like irriterande då, så er jo det mogleg å brodere seinare.
 

1 kommentar:

  1. Så kjekt å få garn fra utlandet i gave, og skikkeleg fin jakke blei det!
    Kunne ikkje sjå fargeforskjell på bilde, men det kan vera irriterande!

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...