2/22/2016

Babystrikk i lyseblått

Du store alpakka,  har fleire lekre mønstrar.  Blant anna teppe med hjerter på (mønsterhefte 26)   Ei dame eg kjenner godt hadde strikka teppet i dobbel alpakka med bling.   Eg har nytta dobbel babyull frå Viking (gjorde eit varp i fjor i Oltedal) , men uten bling.   

Etter vask fekk eg ein skikkelig brett midt på. Trur nok eg må vaska da ein gong til og heller legge da mellom to store håndkle.   Teppet måler 70 x 95 cm


har eg sydd kropp til eit gamalt dokkehode eg kjøpte i Sverige (loppis,-- betalte 25 kr)     Hode er frå 1950-åra, og det var for gale at det berre blei liggande i skap hjå meg.  
                                        Ikkje lett å få dimensjonar og proposjonar til,  men med ein
                      strikkadress i babyull, kom dokkeguten meir til heder og verdighet.   Dressen vart til på
                      frihand.    Strikka frå hals og nedover på pinne 2 mm.    Trur eg må lage vottar og lue
                      og.   Mest for å skjula dei store hendene.

I helga var eg på arbeid.  Ei dame (pu) som strikker svært fargerikt, fekk hjelp til å sy opp trådar og gjere noko utav kreasjonene sine.    Eg hekla berre auger og snute som pynt.  Samt laga dusk i eine lua.  Blir så glad av å sjå fargane dama bruker.
 

1 kommentar:

  1. Dette teppe er knallfint og kjekt å strikka, fin farge du har brukt.
    Det blei ein flott dokkemann og, du er flink som får til alt!

    SvarSlett

Pullover frå "Alt om Håndarbeid"

I dag har eg fri og kunne då sysla med litt montering av denna genseren.  AOH 10/2017 Tok ikkje monge dagane å strikka genseren på pinne...