2/28/2016

Frå tynt til tjukt garn

Liker å veksle på arbeidsredskapet.   Ganske stort sprang mellom 2 og 8 mm på strikkepinnane! 
    Er ferdig med nok eit hentesett.  Denne gang bestilt til jente.   Buksa er strikka i 2 mm - for eg strikker litt laust på rettstrikk.   Dalegarn,  er noko dyrt tykjer eg, men godt å strikka med og heldigvis drøyt.   Brukte 200 gram på heile settet.   
                       "Skoa" har eg henta mønster i fra Du store alpakka.   Det blei søtt med dei til??
                          Band kan være vanskeleg å velga - her blir det dei øvste- rosa med innvevde bamser
Dukkemann, har fått skjerf, lue og vottar! 



Så hoppa eg opp til 8 mm og strikka nokre vottar i frå Allers sitt billag for nokre veker si.

Mønsteret anbefalte garnet Urban frå Cria.  Det hadde eg ikkje høyrt om, så det måtte utforskas.  Bestilte garnet på nettsida www.cria.no   - dei var kjappe med å senda og hadde andre garntypar og.
Bestilte med luemønster.  Eit nøste på 100 gram, holdt til ei slik kjappstrikka lue. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...