2/05/2016

Silkbloom fino = enda meir luksus

Du snakker om herleg garn, altså!  BC garn, har forskjellige tykkelsar på garn med mulberry silke og supersoft merinoull.  Anne's garn og broderi (Ulsmog) hadde eit tilbod på garnet nå rett etter Jul - og eg måtte berre ha det!!   400 gram kom kjapt i posten.       
      Så leita eg fram Kreativ Strikk 5/2014 (julemagasin) og oppskrifta på ein raud julegenser der.  Det viste seg at det er Bc-garn, men ein tjukkare variant som var brukt.   Difor måtte eg rekne og tenke litt.  Min genser er strikka på pinne 3 og 3,5 mm - medan oppskrifta anbefalte 4 og 4,5 mm.  Utgongspunktet vart då den største størrelsen + 12 masker på bolen og 6 masker meir på kvart arm.  Fekk heldigvis ikkje noko å seie for stjerna i mellom raglanfellinga, berre meir plass på sidene.    Genseren sitter fint på meg og er nok ein str. M.     Herleg luksus, som ikkje klør!!!
 Genseren vart handvaska og lagt mellom to håndklær (blokking)  Mønsteret kom tydeleg fram og eg slepper å dampe.     Den er i tilleg utruleg lett -  brukte berre litt over 250 gram på heile genseren.

                                  Nydeleg i raudt, men trur min i kvit vil bli brukt meir. 



               så er knappane komen og montert på jakka mi.  Tok litt tid med bestillinga frå lotsofbuttons.com - men, dei har stort utvalg.   
 

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...