3/13/2016

Frå troll til kattungar

Av og til kjem innbydelse til karneval -  i alle fall i min jobb.   Så difor har eg nå laga meg trollparykk og hale.   Hekla først ei nettinglue av bambus/bomullgarn.   La opp 76 lm, hekla først 75 fm og så ein runde med staver før eg gjekk over til staver med 1 lm mellom og hoppa over ein stav frå forrige omgang.  Det ble 36 "luker" på mi lue.  Hekla opp ca 12 cm, før eg byrja hekle inn nokre ruter på kvar rad.  Da vil seie, lot være å ta lm mellom nokre av lukene på omgangen- til eg hadde berre nokre få att.  Desse snurpa eg samen med nål.   Etterpå kunne moroa begynne.  Ull el. bomullsgarn, samt oppreve bomullsfiller vart knytta på, hist og her. 

Her er rom for fleire trådar å knyte på.   Halen er fletta av tøy- med ein liten dusk i enden. Denne kan henge innpå eit belte.

 Restegarn kan nyttast til så mongt!!??  Desse kattane er laga av ein og ein halv lapp + ein tamp til hale.   Fant oppskrift og vegleiing på nettet;  http://lillielil.livejournal.com/195349.html
Eg utelot å felle til ører på  hodelappen.  Ørene er sydd via nokre sting på skrå under kvart hjørne i øvre kant.

2 kommentarer:

  1. Du blir flott i troll-kostymet ditt, alt du får til!
    Koselege pusekatter og, takk for link!

    SvarSlett
  2. Ja du får det til. Kattunger kan jeg tenke mg å lage, men trollhåret har jeg naturlig fra før.

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...