3/01/2016

Hekla rundt knappar

Har fått nytta mykje garnrester med å hekla rundt rimelege plastknappar.    Det er enkelt og gøy å sysle med.    Om knappane har to hull eller fire, spele ingen rolle - bare hulla er store nok til heklenåla eit par gonger.  
 For det mesta tjukt garn nytta her. Nokre med bling, andre med kant av kjedemasker i kontrastfarge. Monteringstråden henger bak.  Har ingen konkret plan med knappeblomane ennå, men dei kan monterast på kva som helst. (luer, vesker, jakker etc)
Desse knappane finnes i 250 gram eller 1/2 kilos pakkar.  Mest for scrapbooking, trur eg.  Men, som det ser, greie nok til å hekle rundt. 

 

Eg har og strikka opp nokre nøster med single nøster.  Her er eit par vottar  (barn, ca 12 år) og lue etter cria si oppskrift (sjekk forrige blogg) Hovedsakleg har eg nytta 100 gram Cascade yarn og Drops Symphony.

I tre år, har eg ruga på eit ekslusivt garn frå  Oddrun atelier  i Trondheim.  Det er spunne av mohair, merino og silke. (brunmelerte)   Vottane er svært enkle og garnhespa på 100 gram, holdt fint til eit par strikka på pinne 7 mm.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...