3/23/2016

okei då -- litt bloggprat til før Påske

Eg har strikka Nola's slipper (mønster frå sjømannskirka)   Har fått tilbakemelding på at desse sat godt på foten.  Har strikka og blogga om dei for noko tid tilbake.    Vel verdt å ta fram att;

http://cas.seamenschurch.org/sites/default/files/sci-nolas-slippers.pdf

Desse er strikka i dobbel pt5 Sport (Rauma) og er sydd samen, under og bak  på fot.

Desse tøflene i dobbel Sisu. Men, desse strikka eg saumlause.  Dvs - på rundpinne.

Desse er i trippel sokkegarn (forskjellige sortar) - og strikka saumlause.

Ein Smiley vart til av to nøster Fritidsgarn og ein rest tovbart svart.  Sitjeunderlaget vart berre 30 cm i diameter, etter toving på 40 grader.   Hekla med krok på 9 mm.

God Påske!  Mann min, har laga desse festlege gelebåtane til barnebarna som kjem  på besøk!

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...