4/05/2016

Ei veke på vent

Typisk å gå tom for garn, når ein berre mangle 2 cm på kragen.  Strikka poncho i Påskeveka.  Har sett på mønsteret lenge.  Mønsteret kom og i Strikk frå NU - 16.febr. d.å.    Var og i eit vekeblad i fjor ein gong.   Brukte Mayflower sitt easy care classisk (passa fint til strikkefasthet, og er 100 % ull)
 Gøy å strikka mønster der ein snurrer tråden rundt maskene. 
        Då eg ikkje tar meg så fint ut som modell,  så må eg syne katalogsida.  Tykjer de at detta er greit? 
      Eg har meldt meg ut av strikkesida på fb.   Ei adm. der meinte eg burde legge ut bilder av mitt produkt, og ikkje frå katalog.  Da hadde sjølvsagt tenkt, men fekk berre opp to bilder i innlegget mitt.  
      Eg var nok hårsår??!  Til mitt forsvar så like eg sjølv å sjå kvar andre har fått ideane frå.    Om eg henvise til blogg, så er det ikkje for å få monge "følgarar", berre inspirere til å kreere. 
        Tusen takk til alle de som kikke innom!

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...