4/21/2016

Strikkefasthet i babyull

Har erfart at det er stor forskjell å strikka i babygarnet til Drops og Gjestdal!!    Forsøkte meg på to forskjellige body frå Familiens Kreativ (magasin 14.mars d.å.)

Den første i babyulla til Drops.   Merka fort at elastiteten i garnet gjorde strikkefastheten noko rom, men ikkje der det er mønster.    Liker at garnet er så lent og mjukt.

Gjestdal si babyull er noko hesare i fibrane, men kom seg etter vask.   Veldig godt å strikka med, men ikkje hekla.  Strevde med å få fin picotkanten på den plommefarga bodyen.
Kongsemne og Setesdal, er namna på mønsteret.  Det er putlearbeid med kantane på desse små plagga. Begge er strikka i størrelsen 3- 6 mnd.

 Eg går litt tur når da vart tid og høve for det.   Har kjøpt meg nytt digitalkamera (Canon Ixus) - og har tatt da med for å testa. 
                  "Stigen", heter det her -  ein bitteliten rest av gamlevegen i bygda vår.

                                  Kvit Krokus ved ei forfalle hus i "Gretafjæra"

Stadig klå i fingra etter å strikka!!  Her har eg sendt etter garn frå tibialia.no
og vil strikka meg ei jakke



Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...