5/27/2016

Mi tjukke Wiola- vårjakke

...  ENDELEG ferdig!!!   Og det  ikkje for det var vanskeleg å strikka på pinner nr 6 mm, men heller alt rotet eg fekk med garn.     Kjøpte eit herlig garn frå Tibialia.no - tidlegare i vår.   Så gjekk eg først tom for den lyse beige fargen.  Men, etter kontakt pr. e-post så ordna det seg med garnet, sjølv om det var godt ut av sortiment.  Flott service må eg seie!    Då eg skulle strikka sjalskragen så klarte eg jammen å gå tom for den plommeraude fargen og.  Turde ikkje mase meir på eigar av Tibialia.  Difor søkte eg på nettet og fant Sweet Georgia i plommerødt.  Det eg ikkje klarte å sjå på den engelske sida, var at dette garnet var tynnare.    Men, si jakka er mi, så bestemte eg å dobla garnet og få avslutta kragen og sy den til.   I kjempevær og shorts, vart den montert.    På kalde kveldar er jakka heilt nydeleg å ha på.  Garnet klør ikkje!
 Antageleg kunne eg brukt sterkare fargar i broderinga??  Men, greit at dei ikkje er så markante!


                                                   jakka i  strikkebladet frå Norsk Ukeblad.
Mindypus 10 år -  svært selskapeleg av seg!  

1 kommentar:

  1. Det var ein staseleg jakke i flotte farger, godt det ordna seg med garn. Du var heldig med fargen og. Skal du nordover snart? Håper me treffes!

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...