6/09/2016

Dobbeltstrikka sokkar

Jammen, klarer eg å skaffe meg jobb!!!   Jubajuba, det her var vanskeleg.  Sikkert eit år si eg kjøpte meg ei engelsk bok med oppskrifter for dobbeltstrikk.   Har jo vore borti det før.  Strikka jo Budleia - veska i ein along med Zirkona som mentor!    På sokkeparet skulle det jo være fin hælfelling og tåfelling, og med nød og neppe klarte eg å få da til etter litt boka og etter litt hodet.    

   Til slutt valgte eg bare å gå for enkle striper og blader frå blomen - altså ikkje blomar på heile sokken.    Skulle nok hatt meir kontrastar på garnet,  men man lærer jo av sine feil.   

    Tross min flid og ergrelse, så er nå sokkane ferdig.  Alldeles mjuke og gode i passforma.  Mine- JA!   Si eg veit kor mykje arbeid det vart, så må eg ha dei sjølv!!



     Då var det enklare å strikka denna hengelua i rillestrikk.  Mønster henta ifrå strikkemagasin som wiola's vårjakke var i.  (sist blogg)
Så må eg ta med at vårt 6.barnebarn er komen inn i familien.   Tormund, vart fødd i Bergen siste søndag i mai! Heilt nydeleg skjønning!

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...