6/30/2016

Pakka utav kofferten!!!

Her har vore stille lenge nå.  Mest for eg har vore på reis i 14 dagar!    Ei dame som strikker så mykje som meg, så vert det litt garn med heim.  Og nokre håndarbeid vart gjordt på tur. 

Da heila starta med eit strikketreff ved Stjørdalselva i Trondheim.  Hyttetur med svigerinne Sølvi og venninne Åshild.  Rigmor, initiativtaker--  hadde invitert og fleire strikkeglade "kvins" frå vårt langstrakte land.  Då været ikkje var heilt på vår side, så vart det til gagns lott og løye inne i kioskhytta på Campingen.  Ylvis (eselet) sørga og for litt lott og ablegøyer ute.
                                          Sola kom fram den dagen me reiste ifrå Stjørdal.
                                                       Ylvis rakkaren og væren (hugse ikkje namnet hans)
                 Eit besøk i Oddruns atelier var ein "høydar"!!  3 år sist me var der.  Nå hadde Oddrun fått seg eit splitter nytt garn/ull - loft.  Sølvi, som spinner sjølv, fekk kjøpt geiteull med heim.
                          Oddrun, har kashmirgeiter og levere ulla til Telespinn.  Det kjem tilbake som ferdig garnhesper ho selger på loftet sitt.
Legg til bildetekst

       Mange godbetar med frå Stjørdal Husflid, Oddruns atelier, Norwegian Spirit, andre garnbutikkar i Bergen og Kinsarvik -- har eg fått pakka ut av kofferten min.  Samt litt "gammelt" frå bruktbutikk i Trondheim.      Boka "Stitch" - vann eg i Rigmors garnquis.  Super bok med flotte diagram for broderi og strikk. 

Sokkane er strikka i Nepal - etter engelsk mønster.  Dette paret vart igjen i Bergen hos dotter Sandra.  Var der ei veke og hjalp til med borneborna. 

 Heklenåla og bommulsgarn er veldig greit på reis.  Det vart ein hatt og to smekker, ferdig. Samt ein hals (sjå foto nedafor paraplyane)
smekkene vart og att i Bergen,  der ein liten krabat kan få nytta dei.

 Været var ikkje det aller besta i Bergen heller -  men,  nytta kvart eit solstreif allikavell.
                         Av strikk vart ein klut og pulsvarmere ferdig.  Tøflene halvferdig.
Ferda viare vart over Hardangerbrua frå Voss til Hardanger.  Der fekk eg og gubben være med våre døtre med barnebarn til Mikkelparken i Kinsarvik.  Små og store kosa seg på hyttetur ilag, før me vende heim att med gode minner!



4 kommentarer:

  1. Herlig lesning, og så mye fint og flott du fikk med deg hjem fra strikketreffet ;) og andre stopper du hadde før du kom hjem!
    Og mye lekkert har du fått av både pinner og kroker, superflink er du. Ingen sak å være barn og barnebarn av deg <3

    Og typisk at sola kom dagen dere skulle reise - men vi hadde et supert treff i alle fall. Veldig kos å bli litt kjent med deg - håper vi treffes igjen om ikke lenge!

    Stor klem fra Ann Elisabeth :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å lesa om ein vellukka tur vidare og, for vi hadde det virkelig trivelig saman. Det å gjera ting saman med barnebarna gir gode minner for alle.

    SvarSlett
  3. Takk for sist, me kosa oss skikkeleg på strikketreff! Du og har snopa masse herleg garn, ser eg, og mykje fint er kome av pinnane alt.
    Me er heldige som har barnebarn og fint å få gjera noko kjekt i lag med dei. Fortsatt god sommar!

    SvarSlett
  4. Så herlig og koselig blogg du lager altså :) koser meg med lesing av blogger i dag - aå alt for lenge siden. Ja det været rår en ikke over men vi klarte jaggu meg å få til både stemning, strikking og latter. Du lager jo bare så mye fint da - jeg fatter ikke Linda, beundrer deg... :) fortsatt fin dag og god sommer, og plutselig så hørs vi igjen (hm, tror jeg må blogge i kveld nå, på tide ;) )

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...