7/31/2016

Gåve vart gåvenett

I alle fall ein del av gåva, vart til nokre lettsydde poser til born.   Eg passa ein seniorkatt og såg om nokre blomar, då husfolket var i veg til Danmark.       For detta fekk eg så mykje at eg nesten skjemdes.  Det var jo ikkje så vanskleg oppgåve.  Men, til saken -  nokre lekre barnestoff  -- har eg nå sydd litt av.     Gjevar hadde rett, eg får kosa meg i dobbel forstand.   Være kreativ og sjølv kunne nytte posane til barnebarn eller til nyfødde komlingar!   Etter endt arbeidshelg (ekstrajobb) så kobla eg godt av med å sy litt.    

 8 stk forskjellige posar til enten nattdrakt eller leker -- kjekt å ha istaden for plastnett?!
                       Har ennå litt att av gåva.   Bånda eg har nytta, er kjøpt på Kid - for ein billeg penge. Da går fint ann å merka bandet med namn.  (tekstiltusj eller sprittusj)
I detta bladet, er det mønster på eit teppe - der eg liker mønsteret veldig godt!

 Dermed har eg satt i gong med nok ei jakke eller vest i alpakka.   Gøy å strikka.  Fargen heiter perlegrå, heilt nydleg pastell som eg likar! 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...