7/06/2016

Ikkje topp, men genser det vart!

Av det engelska garnet "Rowan hand knit cotton" - så peila eg inn å strikka topp i frå "The knitter".  Begynte så greit med str. 40 i frå magasinet og skjøna den engelske oppskrifta.  MEN, toppen vart altfor for vid for meg!!!  Så la den vekk nokre dagar og stura litt over kva eg skulle gjere.   Løysinga var å rekke opp att bolen til under arma.   Takk og pris for at det var eit mønster der ein byrje ovantil.  La opp færre masker under armane og skifta til pinne 3,5 mm istaden for 4 mm.   Bestemte meg for å gå for lange armar og fekk akkurat nok garn!  Og kjempeglad for det.  Vestavær er genservær, så det så!
                               ganske så slafsen og stor, ja -  ikkje som i magasinet  *

                                   Men, nå er migesen glad eg tok jobben med opprekk og nystrikk!  Har jo liksom ikkje anna å gjere -- he he --- har jo ennå ferie!
 
Medan eg stura så strikka eg ein delfin i Hubro og på pinne nr 9 mm.   Fant diagram på nettet.
     Etter to gonger toving på halvtimes program i vaskemaskin -- så krympa delfin frå 140 cm til litt under meteren.   Eit greit sitjeunderlag for ein benk eller trestamme.    

        Rosa elefant vart til den dagen eg skulle reise på ferietur.  Gløymde den ut litt, stakkaren!  Litt improvisjon med heklenåla og litt inspirasjon frå foto.  

                    Så har eg strikka ferdig sengetøflene mine.   Nepal blanda med kashmirgarn frå Telespinn.    Mønster i frå ei lita engelsk bok med sokker og tøfler.  (Patons)

2 kommentarer:

  1. Ser at ferien har blitt brukt til slike kreative kromspel som du er så god til. Genseren vart kjempeflott. ER jo ikkje mykje stas med ein topp som aldri vert brukt.

    Tøflene ser gode ut og elefanten er søt. Men må tilstå at den tova delfinen fall eg ekstra for. Den vert god å ta med på tur.

    SvarSlett
  2. Det er stadig mykje fint frå pinnane dine, genseren blei nydeleg. Og så fint det blomstra hos deg :) Delfinen og elefanten var stilige.

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...