7/12/2016

Mariussokkar og hekla apekatt

Det er greit å gjere noko småplagg inni mellom større prosjekt.   Sokkestrikk og maskotthekling, er to ytterligheter av arbeid, --men slikt liker eg å kobla av med.   Ferieværet ser ut til å bli som det har vore desse vekene mine (for da mesta regn).   Kan ikkje klaga meir enn eg gjer her, må berre prøve gjere det beste utav det.  Tar gjerne strikketøyet med ut eg. Når barnebarn er på liggebesøk, for eksempel.  
 Mønsteret er strikka på pinne 2, 5 mm - resten av sokken i 2 mm.  Ikkje tjukkelubbar,   men svært greie i overgangane haust/vår.

    Kaffi med på tur .    Herlig å høyre bekken brusar og fuglar synga !

                   Norsk Ukeblad, utg. 26/16 - hadde med denne søte apekatten. Den hekla eg i dobbelt bomullsgarn.  Dermed vart den større enn mønsteret.  Augene vart og hekla og sydd godt fast, då er den er heilt babyvenleg. 

 Eit varp må eg seie --  var innom Coop Obs i Haugesund og kjøpte meg denne votteboka til Jorid Linvik.  Tips frå dotter Monica.   Berre 149 kr for alle desse flotte vottane.    

Frå badesko til espadrillos

Søk på "flip flops", skreiv Zirkona til meg!!   Eg hadde sett ein stad at da gjekk ann å nytta sålar frå badesko til hekling og s...