7/27/2016

Polo Top

I eit Debbie Bliss-hefte, så fant eg denna polotoppen.  Valgte å bruka Viking Bamboo (bambus/bomull) - brukte 6 nøster.  Strikka livet på rundpinne og litt færre masker i størrelsen min, men holdt same lengde.   Svært nøgd med passform og at toppen er behageleg på.  

 Dei dagane sola kikke fram frå skyene, så nytter eg høve til å være ute.    Eg fekk beisa terassegolvet sist fredag,- då var det god temperatur men, overskya heile dagen.   Eine son og kjærasten var heime på besøk.   Fekk årets første dukkert i sjøen (og heilt sikkert siste)       Byrja på Jorids kattesokker her ein dagen,   fekk lyst å prøve dette sokkegarnet.  Kjøpt frå nettsted i Danmark. 

Svigerson kom med eit lass med ved sist laurdag!  Skoy å sjå ein gamal Ford Dexta på plen?!! Me tenker visst vinter allereie?  Kan love deg at eg vonar den kjem seint.  Skal nyte kvar sommardag me får!

    Den solnedgongen då!!  Himmel stod om lag i brann og fargane kappast om plassen.  Vanskeleg å formidle med eit lite kamera, men prøvde for minnebanken til vinteren!

1 kommentar:

  1. Ein koselig blogg, Linda! Og dei kattesokkane er berre så lekre. Fin polo har du strikka deg og. Ser elles at dine dagar er fylt med litt forskjellig, som mine. Fortsatt god søndag og så kryssar vi fingrane for finare ver framover!

    SvarSlett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...