7/20/2016

Rosejakka mi, med blanke knappar i

Eg har vore så dum å kasta eit mønster frå ungdomstida   Det var frå eit vekeblad og var ei grå jakke med roser hist og her.    Då eg fekk tak i lace lux frå Lana Grossa, med sølvmetallisk farge, så berre måtte eg prøve meg på ei rosejakke.     Garnet er utruleg lett.  Det er 30 % ull og resten viscose.  Heile jakka vege berre 200 gram!!   Hekla på kantar med "rosefargen" og pynta med blanke perler. 

 Små roser bakpå rygg og ermer, fekk litt ekstra pynt med hekla sølvblader.  Henta rosemønsteret frå eit koftehefte tidligera i vår. 
                 To  -tre dager etter eg var begynt, tinga eg meg Debbie Bliss heftet (summer 2011) hjå pinnsvindesign.no - og DER var det då plutseleg to jakker med roser.    Mi jakka likna unekteleg på den med roser nederst og v-hals.   Mykje stemde med mitt masketall, så då kunne eg fortsette med godt mot.  Brukte 8 "strikkande dagar"



Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...