7/09/2016

Sommarprosjekt; Norsystol

Før ferien tok eg fram ein gamal og svært sleten Norsystol, -- frå kjellaren.   Satte igong heilt gira på å strikka trekk til denna.     Fekk nokre skuffelsar og arbeid undervegs, men er til gagns ---stolt og glad for eit bra resultat!
                     Setet var knekt og ikkje brukande.  Min kjære mann, måtte trå til som hobbysnekker!

                  Tok ikkje lange tida å strikka trekk. Men, montering med dårleg stiftemaskin, da gjekk trått.   Måtte kjøpe ny på eit byggefirma.   Eg har brukt pt5 Sport (Raumagarn), samt litt av ein skumgummimadrass (babyseng) til pute.   Ellers er ryggstykket montert på med maskesting og var enkelt nok å montera. 
 Ideen og inspirasjon er henta frå boka "Garnglede i Rosendal"!  Turid Lindeland, har laga trekk til Norsy-krakkar i boka.    Eg er lei meg for at eg ikkje var vis nok til å ta vare på slike krakkar frå barndommen.    Stolen, er etter svigerforeldra mine.  Den har vore brukt til arbeidsstol etter ferdig rundt middagsbordet!    Fortjene eit ekstra foto blant rosene mine !! 

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...