8/06/2016

Romantisk vest, eller.....??

... skal eg laga den til jakke ?? Må tenka litt...
 Har 2 nøster att av Drops alpakka.  Og da kan halda til armar, enten longe eller korte.
 Når eg kunne mønsteret, så var det å dura i veg  på frihand.  Difor valgde eg å strikka knappeborder og "firkant-halsutringing", for å letta arbeidet etterpå--- og for å sjå kor mykje garn eg nytta.   Akkurat 200 gram er brukt i vesten.     Kansje litt smal, då.  Men, får den att- altså. Allikavel finast åpen!    Liker veldig godt perleknappane.  Det er ein anelse perlegrått/svak lilla i dei og (som garnet)
 I hagen kjem no sommarfuglbuskane med sine lilla flotte blomar!  Har ikkje sett så monge sommarfuglar då :(
Eg trong eit belte.  Mest til pynt, ikkje for hald.  Strikka i ein fletteteknikk i tjukt bomullsgarn.

 Store blåklokker - kjem trufast i august.  Ikkje store tua, men så fine.   Så fann eg nøtter på hasseltreet vårt.   Er det haust allereie??    Fin farge på dei.  Lauvet er og meir raudleg av seg.

2 kommentarer:

  1. Åh, så lekker vest!! Både garn og mønster var knallfint. Den blir sikkert fin som jakke og, men den er fin uansett!
    Fine blomster du har i hagen, sommerfuglbusk kunne eg tenkt meg.
    Og nøtter alt, her er eit hausta vær i dag, regn, blåst og kaldt! Men me vil då ha sommar ennå!!
    Takk for kommentar på bloggen min, alltid kjekt å lesa :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Like så, Wenche - takker for kommentarane. Vesten blir nok vest. Fant ut at armhola er for romme og at det da ikkje vil bli fint med armar sydd i der. Men, den passa perfekt til ei angora kjøpejakke (Stavanger) - om lag same farge.

      Slett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...