8/13/2016

Strikketøy måtte vika for broderi

Såpass gamal som eg er blitt, så har eg erfart at det er lurt å nytta dagslyset.  Difor har siste veka gått med til babybroderi.  Eg skal være fadder i haust, til yngste barnebarn.  Bestilte pakke med mønster, Aida og tråd hos Margrethe Atelièr.
Har med vilje "klippa" litt på broderiet.  Tenker alle opplysninger trenger ikkje kome fram her.




Men, då eg såg at eg kom i havn med broderiet, så måtte eg hekle litt innimellom.   Lille kanin skal være ein del av gåve til 2-åring i september.  -- Greit å være ovanpå?!?  Gratis mønster ein stad på nettet.  Det er ein miniutgåve av Lalylala.
   Skjørt, klut og broderi, finn du ikkje mønster på nettet.  Det har eg funne på. Piffa opp med litt ekstra stæsj! ?
                          I kjøkenvindu har ein orkide kome med 4 store blomar - det gleder meg stort!


Frå søtt til den rustikke verklighet!  Tar med foto frå ferjetur.  "Mor" har frakta minsteson til Fitjar.  Der har han installert seg i leilighet og skal gå kokkelinja.  Utafor kuauga ser du mot Stord.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...