9/16/2016

Etterligning, fantasi og mønstertru småstrikk

Blanda drops i bloggen min i dag!  Endeleg har eg somla meg til å "kopiera" dei Bulgarske sokkane eg kjøpte for 11 år si!!
 Årsaken til at det vart akkurat no- er  gåva eg fekk til bursdagen i august.  Smart frå Sandnes, passa perfekt til fargane i Bulgariaparet.  Usikker på kva slags garn dei er spøta i, -litt fast og tjukt.   Dei eg strikka vart mindre - mogleg 36 i storleik.  Kutta ut å brodere på sjølve lesten- fekk ikkje til fine maskesting. 

 "Madammen" har og strikka seg nye gryteklutar/vaskeklutar.  Vår frå Viking er eit tjukt bomullsgarn eg likar godt!  Fiskar og skjell er henta frå boka eg vann på tur til Trøndelag i juni.   Tang/tare, har eg hekla og brodert på. 
 Nokre luer er blitt til.    Mønster frå Klumpelumpe.  Enda ei Pilotlue er på pinnane nå. 

 Så må eg og ta med værrapport for midten av september.  Aldri har eg opplevd å vassa i fjæresteinar, samt gå tur i solnedgong med 25 grader!!!!   Men, eg nyt det til fulle - sjølv om klimarapportar varslar unormalt!!!

 Det er så mykje fint å ta bilder av.  Epler mest uti sjøen.  Svarthyll som neier langs turstigane!
                                           Ha fine haust alle saman!

3 kommentarer:

  1. Det er så herleg nå om dagen, nyter finværet i lange drag! Fine bilder du har tatt, du har auga for fine blinkskudd!
    Fine huer og gode sokkar til kaldare dagar er klare hos deg ;) Pilothua har eg og planar om å strikka. God helg!

    SvarSlett
  2. Koselig å lesa bloggen din, Linda! Fine strikkating og deilige bilder frå ein fabelaktig flott haust :)

    SvarSlett
  3. Åh så koselig blogg du har laget Linda - også så mye fint du lager, heldige barn som har deg Linda :) og nydelige bilder fra turene dine :)

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...