10/01/2016

Barnejakke og lue i restegarn

Da hopar seg litt opp, "kan du sei" - med garn i alle variantar.  No ynskjer jo eg, som sagt før - å få strikka ut litt av hamstringa!!!  Er dyktig på å spe på med garn når eg fartar rundt.  Skulle tru eg blir 150 år?!! 

Men, frå spøk til alvor.  Falt for ei jakke Debbie Bliss har designa.  Enkel å strikka og grådig gøy å bli kvitt nokre nøster  her.  No brukte eg turkis som basisfargen--- mellom stripene av andre fargar
 Då armar skulle strikkast, såg eg det ville bli for lite turkis.  Men, då lagde eg berre breiare striper og fann ut at det var jo ikkje dumt??   Lua, vart til med enda mindre margin av turkis.  Så då vart dei stripene i den fargen noko smalare.
 Enkel oppskrift som går ann å nytta i sokkar og andre plagg.  Tre rette, to vrange omg. ut.  Strikker du att  og fram, må du strikke vrangt tilbake.  Eller på rundpinne, ein omgang med rett.    På bolen er mønsteret strikka med 4 omg. av turkis mellom kvar farge.  Dei andre stripene er på 6 omganger.
Mitt garn er ikkje superwash, dermed strikka eg inn trådar, slik at det vart lite festing.  Noko av garnet måtte doblast for å få strikkefasthet til pinne ca 4 mm.

5 kommentarer:

  1. God lita jakke og lue. Enig i at breiere striper på armene ble veldig bra. Godt å få brukt litt garn. (sier en som lider av samme samlesyken).

    SvarSlett
  2. Kjempefin jakke, det kan bli mykje fint av restegarn! Prøver og å strikka fra lageret, det har minka i nokre skuffer, men plutselig er det fullt i andre... kan du forstå det???😁

    SvarSlett
  3. Kjempefin jakke, det kan bli mykje fint av restegarn! Prøver og å strikka fra lageret, det har minka i nokre skuffer, men plutselig er det fullt i andre... kan du forstå det???😁

    SvarSlett
  4. Det blei eit flott sett, og så fin bruk av restegarn :)

    SvarSlett
  5. Så skjønt et barnesett du har laget Linda, du er bare super! Så er det jo sååå kjekt og få bruke opp litt garn også - da blir det jo plass til litt nytt igjen :D

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...