10/11/2016

"HEL" i bomull

2 rette og 2 vrange på kryss og tvers - kan man sei det blei til slutt!   Jo, for sjølvsagt måtte eg forandre/ avvike frå Linda Marvengs mønster nok ein gong.  Vil tru her blei meir forandra på enn Githa.  Men, eg er fornøgd med min HEL i elastico Big frå Lana Grossa.  Super til både vest og sommertopp!!!!.  Einaste... eg skulle hatt den lengre.  Men, da kan ikkje gjerast noko med no. (Ville ikkje blitt nok garn)
 Måtte gå betrakteleg ned på masketallet i garnet eg strikka med.  Men, så vart vesten for smal allikavell.  Tok rett og slett opp masker frå framstykket, strikka to rette og to vrange i 6 rader.  Tok opp tilsvarende tall på bakstykket og felte av desse sidene samen.  Mykje greiare montering enn å sy samen til slutt.   Og veldig grei måte å lage "tjukkastillegg" på.
 Så stilig med viftene - digger effekten.

 Kjøpte denne pakken med garn og "sauekropp" for ei tid si.  Slik vart skjerfet ferdig.  Trur det blir julegave til eit av barnebarna.  Ble 144 cm lang - kjedeleg å strikka att og fram i grått. Ikkje ullgarn, men polyacryl, så klør nok ikkje mot sart barnehud.

 Av raggegarn og lilla Nepal saman,  så har eg strikka tjukke lobber med fletter foran.  Samt hekla "easy slippers".    Pinne 8 mm og heklekrok 9 mm.   Kjapt gjordt, med andre ord!?!
 I helga var me i barnedåp til yngste barnebarn.  Sjekk det håndarbeidet i kaka då?? utruleg flott kunstverk.  Dotter hadde bestilt denna av hobbybaker i Bergen. 


1 kommentar:

  1. Du har jammen ikkje ligge på latsida, sååå mykje flott du har strikka!!! Vesten var kjempefin, lurt å strikka på litt ekstra i sidene, sjølv om ingen kan kalla deg for tjukkas!!
    Litt av ei kake, utruleg flott!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...