10/31/2016

Strikkabukser for små og store

Av Viking Alpakka Sport - multifarga, har eg strikka to bukser til jenter - str. 8/9 år og 3-4 år.    Fant oppskrift på Sparkjøp sine nettsider.  Gratis.    Du kan velge mellom glattstrikk og ribbestrikka variantar.  Eg valgte glattstrikk denna gong. 


 Beklager uklart foto.  Buksa er strikka av Alpakka Fin (50% alpakka og 50% silke) Samt lys lilla Cascade Yarn Sport - lys lilla highland wool frå Peru.  Nydeleg mjuk bukse.  Oppskrift funne hos Drops / Garnstudio.     Eg måtte sy eit par rundar smykkestrikk på innsida av overdelen.  Buksa vart for tung!!!  Eg brukte minste str. S i masketall og gjekk opp til pinne 5 mm istaden for 3,5 mm -  Dette fordi eg dobla tjukkare garn.   Longsen min er ca M/L 

 Innvid på tur i dag --  under regnbuksa var den eit must til vinteren. 
 Siste rosa fotografert før ny omgang med vind og regn her på Vestlandet.  Godt uti oktober!!
 Detta vepsebolet låg på altan her ein dagen.   Utruleg fint byggverk.  Eg har limt da på ei hasselgrein til pynt.   Fint at vepsen er borte!
       Stille før stormen -  morelltre pynta med gull i haustsola

3 kommentarer:

  1. Ullbukser er eit must på vinteren, kjempefine bukser dette, både til små og ei stor :)
    Nydelege haustbilder og, men nå er det helst grått og trist ute.
    Tusen takk for gratulasjon på bloggen min, stor stas med ny liten gutt :)

    SvarSlett
  2. Fine og gode bukser til vinteren :)

    SvarSlett
  3. Fine bukser til liten og stor. Godt å vera budd på vinteren, for no er den vel like om hjørne.

    SvarSlett

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...