11/12/2016

Finsokkar, for fine til å brukast?

Når eg strikka på desse kvite para med sokkar, så kom eg i hug ei foreningskone sin kommentar (nokre år si, då eg og strikka labbar i kvitt)  "Kvar skal du gå med dei?"  hi hi    Jo, det er nok fort gjordt å skitne seg til, men så er det så lekkert med kvitt?

 På begge sokkepar, gjorde eg om litt på mønsteret.   Dei øvste her skulle strikkast på pinne nr 4 mm.  Då eg brukte Silja og ganske tynt restegarn, så måtte delar av mønsteret få ein kutt her og der.  Angra på at eg ikkje dobla garnet.   Men, er no nøgd med sokkane allikavell!



Desse flettesokkane er og strikka i Silja.  På pinne nr 2,5 mm.  Dei er ganske lange på skaftet.  Her var mykje jobb - med doble fletter.  Men, tok meg tid og flidde det eg kunne.   Einaste eg forandra på var tåfellinga.   Da ville verta altfor langt viss eg skulle følge oppskrifta ifrå magasinet til Novita. 
                       Novita, har eige garn fant eg ut.  Googla litt og har bestilt litt frå Sverige.  Mykje fint i frå nabolanda våre og  !  God helg.  Her må da tøflestrikk til - ønske frå svigerson!

2 kommentarer:

  1. Ja, dette var rektig flotte finsokkar! Du får legga beina på bordet når desse er i bruk ;-)

    SvarSlett
  2. Så enig med første kommentaren. Nydelege sokkar som bør visast fram :) God helg.

    SvarSlett

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...