12/29/2016

ei oppskrift, men to forskjellige resultat

                     Ser ut som buksebein, ja - men, egentlig mønster hos Drops (122-38) på tøfler.
             Såg potensiale for ei barbiebukse, så då måtte eg bare prøve det og. Ikkje same pinnestr. og cm-mål, men same masketal og snu ved toppen på buksa /tuppen på tøflene.     I manko på barbiedukke, får ein pappfigur være modell.  Strikka ein vest til.
 Trur ikkje eg har strikka så lite som denne Jula. Tok det litt igjen nå i romjula.  Nå klarer eg  nok ikkje å strikka opp så monge nøstene før Nyttår.  Difor har eg talt opp samleboksen min.  (kr 10 for kvart nøste brukt)   I 2016 har eg strikka 320 nøster.  Så har nok gått ned ca 40 stk i forhold til 2015. Litt gøy å sjå for eigen produksjon.  Kansje eg gjer det eit år til, men vil tru at lageret blir ganske tomt då.     Godt Nytt år til dykk som følger meg!

Hekla nesten to gonger kvar vott, før endeleg liten nok.  Tova litt i vaskemaskin på 30 min, 30 grader.
Istaden for godtesokk, hekla eg trekk til ei pappsnelle og fekk "nøtteliten" utav garnet.  Lett å ta av å vaska.

  Når 15 stk var samla,  Julafta- så var det nok rekord med gaver under tre.   Det varma mitt hjarta stort å få pakke opp desse fine sokkane.  Tenk ei venninne har strikka til meg!!  Eg veit kva arbeid det er, så sette ekstra pris på at nokon vil forære meg av sin flid!!  

                Før Jul var eg innom ein bruktbutikk (Retro Husnes) Der fant eg Kaffe Fassett strikkebok til kr 10!!  og kaffekjel til kr 40,- !    Slik ein kaffekjel hadde mamma, men trur den vart kasert.  Denne skal stå på omnen til stas.    Gøy å gjøre slike varp!

1 kommentar:

  1. Du har hatt fart på pinnane i romjula, fine tøfler og smarte barbiekler!
    Du er heldig som fekk så fine sokkar til jul, det set me handarbeidsdamer ekstra stor pris på☺ Rektig godt nytt år til deg og, håper me kan treffast!

    SvarSlett

I did it, my way...

Så er jakka montert og knappar sydd i.  Nesten 2 mnd.'s arbeid.  Eg hadde igrunn trudd da gjekk meir tid. Men, når eg fann mine forenkl...