12/08/2016

Rosevotter og litt hekla juletull

 I boka "varme votter og noen sokker" (Eva Trotzig), fant eg desse pikevottene.  Passer til jente ca 10 år, vil eg tru...
 Utifra "alt om håndarbeids"- julehefte, så har eg hekla denna musa.  Likte ikkje augene, så difor sydde eg på hobbyauger for leikedyr.  Tenner og munn, fekk denne rakkaren og!

 Denne boksen fann eg på sjølv.  Hekla rundt ein pappkjerne.  Hatten har ein sirkel av plast, men papp i sjølve "flossen".  Gøy å gje ilag med twist eller anna godteri.

     Ikkje Jul detta, men ein pokèmonfigur (Snorlax)  Denna er og hekla med pappkjerne inni.  Skal gje vekk ei pengegåve til bursdagsbarn i romjula.   Hadde ikkje mønster, men fant inspirasjon på Ravelry.
"Fager kveldsol smiler"....

1 kommentar:

  1. Du er ein tusenkunstnar, mange smarte løysingar og fine ting du lager! Boksane dine var sååå kjekke!!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...