12/18/2016

tovelue og vottar

Har prøvd meg på litt "strikk og tov"- prosjekt att.   Vottane har eg fulgt oppskrift på og tova ein gong i maskin på hurtigprogram 30 grader, ilag med andre ull- klær.   Lua måtte eg tove to gonger, og den blei perfekt til slutt.  Enn så diger den var!
                   Trur lua før toving, målte 70 cm i omkrets og 40 cm frå bunn til topp!
 Måtte strikka toppen med noe grått garn frå Rauma, då det ikkje rakk til med burgunder/lilla/gråfarga garnet mitt frå England.   Men, vart ok med lus maska på i kontrastfarge, langs den grå kanten. Synes ikkje så godt her, dessverre!

 Forsinka julegåve som skal  med fly til Bolivia.   Dei var det mønster på i Allers sitt julehobby (nr44)
 Baksida av ein sjølvkomponert hals i alpakka og viscosegarn.  Knappane fekk lilla glitterlakk for å matche perlene.   Framsida kjem nedafor!   Kjempegreit å bli kvitt einslege nøster - brukt ca 130 gram.   Fargen på garnet er ikkje rettferdig framstilt i fotografia mine!
 Perlene vart strikka inn, via heklenål 1,5 mm.   Litt luksus, men lov å pynta seg av og til?
Då får eg berre ynskje God Jul!  Og tusen takk til "sjåarar"!  Eg veit ikkje om det er noko interessa for min blogg i den store verden.  Men, eg koser meg og får på ein måte laga meg ei dagbok over handarbeida mine!

1 kommentar:

  1. Fine arbeid som alltid hos deg! Eg tykkjer og det er greit å bruka bloggen som dagbok over det er lager. Det er greit å kunna gå tilbake å sjekka dersom det er noko eg lurer på.
    Fortsatt god jul!

    SvarSlett

Wiolagenseren

... så måtte eg berre strikka Wiolagenseren.  Har lenge tenkt på den.  Men, garn til pinnemål 10 mm ???  .....  Jo, fant ut til slutt, kva ...