10/01/2016

Barnejakke og lue i restegarn

Da hopar seg litt opp, "kan du sei" - med garn i alle variantar.  No ynskjer jo eg, som sagt før - å få strikka ut litt av hamstringa!!!  Er dyktig på å spe på med garn når eg fartar rundt.  Skulle tru eg blir 150 år?!! 

Men, frå spøk til alvor.  Falt for ei jakke Debbie Bliss har designa.  Enkel å strikka og grådig gøy å bli kvitt nokre nøster  her.  No brukte eg turkis som basisfargen--- mellom stripene av andre fargar
 Då armar skulle strikkast, såg eg det ville bli for lite turkis.  Men, då lagde eg berre breiare striper og fann ut at det var jo ikkje dumt??   Lua, vart til med enda mindre margin av turkis.  Så då vart dei stripene i den fargen noko smalare.
 Enkel oppskrift som går ann å nytta i sokkar og andre plagg.  Tre rette, to vrange omg. ut.  Strikker du att  og fram, må du strikke vrangt tilbake.  Eller på rundpinne, ein omgang med rett.    På bolen er mønsteret strikka med 4 omg. av turkis mellom kvar farge.  Dei andre stripene er på 6 omganger.
Mitt garn er ikkje superwash, dermed strikka eg inn trådar, slik at det vart lite festing.  Noko av garnet måtte doblast for å få strikkefasthet til pinne ca 4 mm.

Rester av alpakkagarn

Syntes eg fant ein ypperleg kombinasjon, ved å mixa  Tine Solheim's lange vest og Kaffe Fasset's Lidiya???!! ??                ...