11/03/2016

"patent-hekling"

Av og til lønner det seg å kikka på slike youtube-videoar som poppe opp på facebook.  Aldri om eg hadde funne på å hekla slikt som her https://www.facebook.com/ایده-های-بافتنی-CrochetKnitting-Ideas-667497476694509/?hc_ref=PAGES_TIMELINE      
Så eg måtte bare teste om det var så enkelt?   Og det var det jo.     (håper de får opp videoen =)
 I dobbelt tynn alpakka la eg opp 83 lm - hekla rundt ei rad med halvstavar.  Deretter rundt og rundt til passe bredde. Altså lag halvstv. bakom det som danner > løkkene, slik at desse legg seg på framsida.  Tykte og baksida vart fin!!!  Nesten som pjona masker der.   Rosa har ein knapp bakpå, så den kan enkelt ta's av og på.        
 Av og til kjem da ynske om plagg eg har strikka for lenge si.  Deriblant Calometri /pannebånd med god elastitet og tilpassa hodemål med fleire knappehol.      Den grå i dobbel alpakka, den blå strikka i elastisk bomullsgarn.   Kjekt at vedkommande har brukt så mykje at ho vil ha nytt!! 

Denne lua heiter Gustav-lua og er frå siste KLUMPELUMPE-bok.  Garnet er egentlig svart merino superfine.  Ser grå ut her

10/31/2016

Strikkabukser for små og store

Av Viking Alpakka Sport - multifarga, har eg strikka to bukser til jenter - str. 8/9 år og 3-4 år.    Fant oppskrift på Sparkjøp sine nettsider.  Gratis.    Du kan velge mellom glattstrikk og ribbestrikka variantar.  Eg valgte glattstrikk denna gong. 


 Beklager uklart foto.  Buksa er strikka av Alpakka Fin (50% alpakka og 50% silke) Samt lys lilla Cascade Yarn Sport - lys lilla highland wool frå Peru.  Nydeleg mjuk bukse.  Oppskrift funne hos Drops / Garnstudio.     Eg måtte sy eit par rundar smykkestrikk på innsida av overdelen.  Buksa vart for tung!!!  Eg brukte minste str. S i masketall og gjekk opp til pinne 5 mm istaden for 3,5 mm -  Dette fordi eg dobla tjukkare garn.   Longsen min er ca M/L 

 Innvid på tur i dag --  under regnbuksa var den eit must til vinteren. 
 Siste rosa fotografert før ny omgang med vind og regn her på Vestlandet.  Godt uti oktober!!
 Detta vepsebolet låg på altan her ein dagen.   Utruleg fint byggverk.  Eg har limt da på ei hasselgrein til pynt.   Fint at vepsen er borte!
       Stille før stormen -  morelltre pynta med gull i haustsola

Stort avvik hos meg

3 uferdige produkt på ein gong!!!!!  "Sånn går da"- som han sa son vår.   Men, har håp om å bli ferdig til bursdagar og Jul.  M...