1/22/2017

å hekla maneter...

... trudde eg ikkje eg skulle koma til å gjere!!??  Men, når da kom ein utfordring om eg kunne laga slike, ja, så tok nysgjerrigheta overhand.  Held på med ein langtidsprosjekt, så dermed var da kjekt å ta fatt heklenåla innimellom.   
 Denna brennmaneta er etter oppskrifta til http://www.1dogwoof.com/crochet-jellyfish/        Men, før eg fann den, så laga eg den turkise til høgre - etter  foto og på sjølvstyr.     (Brennmaneta har fått litt ekstra pynt - kragen).    Min giftige turkise, har fått lause brennetrådar som vart knytt på.  Han vart for kjedeleg utan!
           "Skoyne" duppeditter som og kan koma til nytta.  Ho som hadde mønsteret, skreiv at ho ville ha barna i barnehagen til å tørke henda sine - etter handvask.  Dermed kom ho på ideen om desse "handkla" til gutar som jenter.   Dei kan jo kokast på 60 grader, då ein bør hekla i bomullsgarn . 

     Mykje skodde i bygda vår.  Men, mildt og fint.  Hadde meg ein sundagstur.  Mobilkamera tar mykje betre foto enn vanleg digitalt kamera.   Eg likar godt å finna detaljer i naturen.

Tynn bomullsgenser med fletter

Kjøpte ein pakke we❤yarn, hos hobbii.no for rundt 100 kr ( 10 nøster lys mintgrøn) Strikka med pinne 2,5 mm.  Siste ferieveka mi, og sommar...