1/04/2017

Hansker over to år !!

Jo, det går ann, når den første vart strikka på den siste dag (2016) og den andre på den første, i år 2017.  Garnet eg har nytta, fekk eg av son Jøran og kjærast Vian, til Jul.  Dei hadde vore på marked i Bergen og kjøpt handfarga garn frå "flokeriet.no"  Så herlig når barna skjønner seg på mors hobby!

 Brukte oppskrift frå Drops katalog 122.   Måtte vaske hanskane godt med eddik, eg vart  raud på fingrane.  Mon det er brukt blåbær i blå- fargen??  Veit at det er nytta avokado i den lyse rosafargen og bregne i den grøne.
 Dagen dei var ferdig blokka og tørka, kom det ein dag med snø.  Eg datt på veg til jobb og, men slo meg ikkje noko nevneverdig.
Så har eg nytta garnet (100 gram) frå Sherwood - farge blackberry.   Nydeleg djup raudfarge som vil passe til "Mindyjakka" mi.  Halsen fekk eg inspirasjon til, på Ravelry. Mønsteret heiter "Treppenviertel cowl".  Må skunde meg å skriva at eg kjøpte ikkje mønsteret, men ville prøve å få til på eiga hand.  Pulsvantane er strikka på frihand med 40 masker i ribben og tommelhol.

3 kommentarer:

  1. Fine fargar og flotte hansker. Absolutt kjekt å få slikt garn i julegave.

    SvarSlett
  2. Fine fargar og flotte hansker. Absolutt kjekt å få slikt garn i julegave.

    SvarSlett
  3. Spennande med handfarga garn. Kjekt å sjå fargen fra avocadokjerner, har lyst til å prøva det. Det blei fine hanskar og herlege pulsvanter og hals.
    Bra du ikkje brekte noko på glatta! God helg!
    Ps. Har ikkje fått brevet ennå, venter spent!

    SvarSlett

Siste sysler

Heklenål og strikkepinnar har fått fritt spelerom i late fridagar,  No etter eit vanskeleg prosjekt, har eg berre kosa meg med småting som ...