1/29/2017

to nøster = sjal på 160 cm

Kjempegøy å få utav 100 gram garn ett herlig fargesprakande skjerf/sjal på 160 cm lett strukket.  Søkte på Karius (Ravelry) og det kom opp fleire lekre sjal.  Det var enkelt og greit å strikka.  La opp 5 masker, med merino superwash garn eg fekk i gåve til Jul.    Økte på kvar 4. pinne (slutten) i eine sida.  Samt strikka annakvar rapport med rette og vrange riller.   Då eine nøsta var oppbrukt, minka eg i same sida nedover mot 5 masker att.   Sjalet vart vaska på hurtigprogram og hengt over ein bua stolrygg til tørk.  Dagen etter var det langt nok.

foto over- lånt frå internett

 Så måtte eg bare prøve ei "lotepus"-lue.   Sjelden eg faller for akkurat som 1000'vis av andre.  Men, denne lua fenga.  Eit minus at den vart svært stor!!  Må kansje tove litt i tørketrommel.... viss eg tørr i morgon???  Garnet i det grå feltet, er resirkulert ull eg kjøpte i Bergen.   Har prøvd å søka på internett om det er eit nettsted som selger slikt garn.  Fibra natura - "renew wool"   - utruleg mjukt og godt å strikka med. 

Fekk til slutt ferdig buksa til dette settet. "Flora"      Eg var så dum, om eg skal seie det slik - å snu om på fargane.    Lyst mønster på mørk botn.  Kunne mest ha strikka kofta på den tida eg brukte på buksa i 6 mnd.   !!!!!   Hodebry å tenka omvendt.  Og så hadde eg ikkje lyst å markere i heftet til Viking.  Printer'en vår vil ikkje kopiere lengre, så kunne ikkje ta ut kopi å teikne på heller.   Akk jasan - noko jobb skal ein ha, om søtt det vil bli!

3 kommentarer:

  1. Flittiglise du! Fine ting vert det og. Babysettet er veldig lekkert.

    SvarSlett
  2. Her var det mykje fint :) Kjekt å få sjal av berre to nøster. Fin Lothepushue, og nydeleg babysett.

    SvarSlett
  3. Du har igjen for strevet med buksa, den blei veldig fin til jakken.
    Kjempefint sjal og. Eg har strikka det ein gang, men mitt blei så lite. Liker og lotepuslua, håper du får den passe.
    God helg!

    SvarSlett